Dag Ivar er redninga for dei svakare matteelevane
- Holmboeprisvinner 2026
“Med smittande engasjement, fagleg tryggleik og evne til å sjå og løfte kvar enkelt elev, er Dag Ivar Furevikstrand eit førebilete for norsk matematikkundervisning og ein verdig mottakar av Holmboeprisen”, seier leiar for Norsk Matematikkråd, Cordian Riener.
Omsorg og meistring i fokus
Dag Ivar tilhører dei som meistrar å leie strykkandidatar gjennom vidaregåande, samstundes som han får med seg dei flinkaste, og motiverer dei til vidare innsats og fordjuping i faget.
“Mange svake elevar i matematikk har funne si redning i Dag Ivar”, seier rektor Gro Fivelsdal ved Dale vidaregåande skule. “Dag Ivar er ein lærer som hjelper alle elevane til meistring, ved at han gjer faget relevant, engasjerande og tilgjengeleg”, seier Cordian Riener.
Med denne prisen ønskjer Norsk matematikkråd å løfte fram eldsjeler som arbeider i skulen og som gjer ein innsats langt over det ein kan forvente.
Sterk fagleg og pedagogisk
Med ein master i konstruksjonsteknikk frå NTNU og svært gode karakterer derifrå, samt med røynsle frå privat næringsliv, stiller Dag Ivar med sjeldan fagleg tyngde.
“Ein som er fagleg dyktig treng ikkje alltid å vere eit stort pedagogisk talent, men slik er det for Dag Ivar”, fortel rektor Fivelsdal. “Han har ein unik måte å formidle faget på, er fagleg trygg og viser korleis matematikk heng saman med andre fag og kvardagen til elevane”, står det i grunngjevinga.
Røynslene frå næringslivet har han teke med seg inn i undervisninga. Han har dessutan leia elevprosjekt i samarbeid med småkraftverksbedriften Hywer. Han er fagleg trygg nok til å tørre å utfordre, men samstundes audmjuk nok til å lytte. Dag Ivar involverer elevane i både undervisningen og vurderingsarbeidet.
"Elevane sett særleg pris på tolmodet hans, personlege engasjement og måten han får alle til å kjenne seg seg sett og verdsett på»”, skriv Norsk Matematikkråd i grunngjevinga.

FAKTA OM HOLMBOEPRISEN
- Holmboeprisen er kalt opp etter Bernt Michael Holmboe (1795 –1850) som var Niels Henrik Abels lærar ved Oslo katedralskole.
- Holmboeprisen er ein av dei mest prestisjefylte nasjonale lærarprisane, og anerkjenner framifrå undervisning som styrker elevane si forståing, motivasjon og meistring i matematikk.
- Holmboeprisen vert delt ut årleg til ein eller fleire lærarar som har utmerka seg gjennom god undervisning i matematikk på grunnskulen eller i vidaregåande skule.
- Sjølve prisutdelinga skjer i under ein høgtidsstemt seremoni på Oslo katedralskole 28. mai klokken 11.00, der Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun overrekkjer prisen i samband med avviklinga av Abelprisveka 2026.
- Prissummen er på 100.000 kroner og vert fordelt likt mellom prisvinnar og skulen.